Fire år i mobb

Lars Jørgen Tvedt

Heidi Mork

Experience report (30 min)

Våren 2018 fekk teamet vårt i NRK eit vanskeleg oppdrag. Så vanskeleg at kvar medlem av vårt lille team på tre, ikkje kom nokon veg. Heidi hadde sett eit par twitter-meldingar om ein ny måte å organisere arbeidet på. Kanskje mobb-programmering kunne hjelpe oss?

Vi sette oss saman, ein PC, ein storskjerm, eit tastatur. To år seinare, stadig side om side, leverte vi det endelege resultatet. Team-medlemmar kom og gjekk, det same har ein viss pandemi, men vi programmerar stadig i mobb, men no på nye prosjekt.

Dette er vår historie om korleis bruke mobb-programmering på fulltid. Oppturar og nedturar, i små kontor og i ope landskap, på heimekontor med 7,5 timar på Teams kvar dag, i motgang og medgang, og kanskje om at mobb som metodikk ikkje overlever i teamet.

Uansett kva framtida blir, har mobb-programmering endra måten vi tenker om utviklingsprosessen. Korleis idear veks fram, kor viktig eller uviktig detaljar kan vere, kor godt det er å vite at andre kan det same som deg sjølv (og du kan dra på ferie og vite at andre passer jobben), og gleda av å sleppe endelause code-reviews i Github.

Kom og la oss overbevise deg om at mobb-programmering også er for deg!